Bla i kalenderen

september

m t o t f l s
28 29 30 31 1 2 3
4 5 6 7 8 9 10
11 12 13 14 15 16 17
18 19 20 21 22 23 24
25 26 27 28 29 30 1

Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Kva skjer i Vest-Telemark? og Telemarkher (måndag 23. mai 2016). Les mer om roperten…

Boklansering: Ole Blom sine dagbøker og brev 1809-1846

Søndag 12. juni 2016 kl. 12.30, Kviteseid bygdetun

Ole Blom sine dagbøker er klare!

Eit stort prosjekt er endeleg i mål. Sidan 2013 har Kviteseid Historielag og Vest-Telemark Museum arbeidd med transkripsjon og tilrettelegging av dagboksmaterialet etter bonde, sagbruksførar, forlikskommisær, stortingsmann og fyrste ordførar i Kviteseid, Ole Blom (1784-1846).

Dagboksmaterialet strekker seg frå 1809-1846, og er ein unik inngang til lokal og nasjonal historie i ein periode som var svært formande for det Noreg er i dag.

12. juni vert bøkene lansert med eit rikt program og utstilling på Kviteseid Bygdetun. Dagbøkene er trykt i to bind på tilsaman 800 sider, og du kan kjøpe desse på våre museum eller tinge dei på post@vtm.no .

Høyr om Ole Blom på P2 Museum sin podkast !

Slik er programmet for lanseringsdagen:

kl. 11: Messe i Kviteseid gamle kyrkje
kl. 12.30: “Ole Blom og venene hans” – ei dramatisering av “Zetlitz-krinsen” rundt Ole Blom
kl. 13.30: Sal av bøker, matøkt, aktiviteter i tunet
kl. 14.30: Foredrag ved historikar Gunnar Bolstad: “Ole Blom i si samtid”. Helsingar. Musikkinnslag ved sangkoret Ågapet
kl. 15.30: Opning av utstilling med tidsbilete frå Ole Blom si tid og historiske kart i Utsondhalli.

Ta gjerne med stol!

Vist 72 gonger. Følgt av 2 personar.

Var du med?

Kvar skjer det?

Kva skjer i Tokke?

Følgt av 91 medlemmar.

Dette er Tokkes kulturkalender. Her finn du ei samla oversikt over kva som skjer i kommunen. Dersom du sjølv har eit arrangement som går føre seg i Tokke kan du leggje det inn her. Har du bilete eller kommentarar frå arrangement må du gjerne dele dei. Tilrå arrangement du likar. Dei mest tilrådde arrangementa blir meir synlege. Meir om sona

Origo Kva skjer i Tokke? er ei sone på Origo. Les meir